Gode Vargarar!
IL Vargar skal arrangera Vargarrennet i VSOT søndag 7. januar 2024 kl1200. Som tidlegare trenger med hjelp av dugnadsgode medlemmer.
Funksjonærliste Vargarrennet søndag 7. januar 2024
Lagsmeisterskap 2023
Mandag 13. mars 2023 hadde IL Vargar lagsmeisterskap i langrenn. Årets lagsmeisterskap gjekk i skicrossløypa i VSOT. Ingen stor deltaking, men dei som stilte start var ivrige og svingte seg i gjennom løypa på beste vis. Saft ved målgang og premiar til alle. Takk til deltakarane og til dei som hjelpte til med tillaging av løypa og gjennomføringa.
Medlemskontingent IL Vargar 2023
Det er tida for å sende ut medlemskontingent for 2023. For dei som allereie er medlemmer i laget så vert kontingenten tilsendt via mail.
For nye medlemmer: Gå inn på www.minidrett.no dersom du ikkje har profil i MinIdrett så opprett ein. Gjer fylgjande når de evt har oppretta ein profil i MinIdrett:
I profilen går de på Medlem --> "Bli medlem i et idrettslag" -->søk etter klubb --> Vargar Idrettslag --> "Jeg skal bli medlem" eller "Barnet mitt skal bli medlem"
-->huk av "Jeg er kjent med at jeg ved søknad om medlemskap må oppfylle bestemte medlemsvilkår" gå vidare og fyll inn nødvendig informasjon.
Det må nyttast personnummer ved registrering av nye medlemmer.
Dersom noko er uklart så ta kontakt med underteikna
Il Vargar
Reidar Flatebø
leiar
For ein start på sesongen Karoline har hatt. Under nasjonal opning på Beitostølen vart det høvesvis 7. og 13. plass og 3. plass på NC Gålå helga etter. Dette var meir enn gode nok resultat for å verta teken ut til verdenscupen på Lillehammer. Der fekk ho 28. plass blant verdens beste og dei fyrste verdenscuppoenga var i boks. No fylgjer ho med landslaget vidare til Davos og skal gå 10km friteknikk søndag.
Me ynskjer Karoline lykke til vidare på jakten etter nye verdenscuppoeng!