Sponsorer

spons.jpg

Statistikk

Artikkelvisingar
80475

Er det nokon i laget som har ungar i 1. til 6. klasse som er interessert i å vere med på skitrening i lag med Voss IL?
Fylgjande opplegg er lagt fram for hausten/vinteren:
Oppstart med skitrening for dei minste, 1. -6. klasse, etter haustferien, dvs fom veke 42.
Opplegg mykje likt i fjor, barmark x 1/ veke, ev rulleski for 4. -6. klasse i tillegg fram til snøen kjem.
Når det er snø, 1 treningsdag for 1.-3. klasse, 2 dagar for 4.- 6. klasse. (truleg tysdag + torsdag).
 
Nærare opplysningar om stad og tid vil verte lagt ut ved eit seinare høve.

                                                

                                                Bilderesultat for karoline simpson-larsen

For ein start på sesongen Karoline har hatt. Under nasjonal opning på Beitostølen vart det høvesvis 7. og 13. plass og 3. plass på NC Gålå helga etter. Dette  var meir enn gode nok resultat for å verta teken ut til verdenscupen på Lillehammer. Der fekk ho 28. plass blant verdens beste og dei fyrste verdenscuppoenga var i boks.  No fylgjer ho med landslaget vidare til Davos og skal gå 10km friteknikk søndag.

Me ynskjer Karoline lykke til vidare på jakten etter nye verdenscuppoeng!