Gode Vargarar!
Eigarlaga i VSOT skal arrangere norgescup i langrenn for juniorer 9. til 12. februar 2023 i Voss Ski- og Tursenter. I den samaheng treng me frivillige til ulike oppgåver under cupen. Vonar at du som les dette ynskjer og har moglegheit til å hjelpe til. Me har behov for dugnadspersonale til fylgjande oppgåver:
- Rennkontor
- Tidtaking
- Parkering
- Startnr/brikke/drikkestasjon
- Kiosk
- Nattevakt/brannvakt
Utover dette er det også behov for 1 snøscooterfører for nemnte dager.
Me har mange gode resursar i laget, både gamle og unge. Meld Dykk og ver med å gjere NC-helga til eit flott arrangement for alle tilreisande og bygda Voss.
Gje tilbakemelding til underteikna innan 6. januar 2023 kva dag/dager De kan hjelpe til under arrangementet og kva oppgåver De kan utføre. Sjå vedlegg!
Reidar Flatebø
40 42 95 34
mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
For ein start på sesongen Karoline har hatt. Under nasjonal opning på Beitostølen vart det høvesvis 7. og 13. plass og 3. plass på NC Gålå helga etter. Dette var meir enn gode nok resultat for å verta teken ut til verdenscupen på Lillehammer. Der fekk ho 28. plass blant verdens beste og dei fyrste verdenscuppoenga var i boks. No fylgjer ho med landslaget vidare til Davos og skal gå 10km friteknikk søndag.
Me ynskjer Karoline lykke til vidare på jakten etter nye verdenscuppoeng!