Hei!
IL Vargar skal arrangere 2 renn i vinter. Me har fått tildelt begge renna våre den same helga laurdag 27. og søndag 28. februar 2021. Sjølv om laget ikkje har så mange aktive utøvarar så vonar me i styre at dugnadsånden lever i beste velgåande. Vonar at DU vil hjelpe til!!!!
Under finn du funksjonærliste for Vargarrennet 27. februar og Herresåsen Rundt 28. februar 2021
Funksjonærliste Vargarrennet 2021
Funksjonærliste Herresåsen Rundt 2021
Pr i dag er det ikkje ope for å arrangere kretsrenn ihht Skiforbundet sine anbefalingar, men me er optimistiske og vonar at det vil "lette" fram mot renna våre i slutten av februar.
God nytt år, gode Vargarar! Nytt år og nye korona-moglegheiter. Men fyrst fyrer me i gong fornying av Vargar-medlemskapet. Dekan har høve til å betale med VIPPS eller bankgiro.
For ein start på sesongen Karoline har hatt. Under nasjonal opning på Beitostølen vart det høvesvis 7. og 13. plass og 3. plass på NC Gålå helga etter. Dette var meir enn gode nok resultat for å verta teken ut til verdenscupen på Lillehammer. Der fekk ho 28. plass blant verdens beste og dei fyrste verdenscuppoenga var i boks. No fylgjer ho med landslaget vidare til Davos og skal gå 10km friteknikk søndag.
Me ynskjer Karoline lykke til vidare på jakten etter nye verdenscuppoeng!