For ein start på sesongen Karoline har hatt. Under nasjonal opning på Beitostølen vart det høvesvis 7. og 13. plass og 3. plass på NC Gålå helga etter. Dette var meir enn gode nok resultat for å verta teken ut til verdenscupen på Lillehammer. Der fekk ho 28. plass blant verdens beste og dei fyrste verdenscuppoenga var i boks. No fylgjer ho med landslaget vidare til Davos og skal gå 10km friteknikk søndag.
Me ynskjer Karoline lykke til vidare på jakten etter nye verdenscuppoeng!